Hei! Vi er Bergseng Arkitektur og består av Ola H. Bergseng og Maris Mänd, her står vi på utsiktstårnet Rullesteinen på Dovrefjell, som vi har teikna.

Det kjekkaste vi veit er å teikne hus til deg som skal bruke huset sjølv, etter ein prosess der dine behov er kartlagt og diskutert nøye. Det kan bety at vi presenterer det du ikkje sjølv visste at du ville ha. Ofte viser vi fleire moglegheiter som vi diskuterer vidare. Så realitetsorienterar vi oss saman og løysningar blir tilpassa det konkrete behov og budsjett til den enkelte kunde.

Begrensingar som oppstår ved ombygging av eksisterande bygg er ingen ulempe for ny design. Det er alltid ønske om høg kvalitet, gjerne til lavast pris. Dei beste prosjekta er ofte eit resultat av begrensing i budsjett eller begrensing i situasjonen i form av lite areal eller utfordrande tomt.

Tilpassing

Med våre råd vil bustaden bli tilpassa tomta, ha smart arealutnytting, ta vare på og framheve lokale kvalitetar, ta omsyn til klimatiske høve og få betre energimessige løysingar. Alle prosjekt teiknast og gjennomførast med miljø som hovedfokus. Arkitekten blir ein rådgjevar i heile prosessen heilt fram til ferdigstilling. Formgjevinga kjem ut av situasjonen; eit resultat av utsyn, utsikt, naboar og terreng - og bygget blir tilpassa ljoset gjennom dagen og gjennom året. Vi kan formgje både hage, hus og interiør.

Vi har også erfaring frå andre typer bygg, som animasjonsstudio, hotell, leiligheitsbygg, krematoreier og kontorbygg.

Berekraft

Naturen omkring oss og dei sosiale romma som arkitektur skapar er viktig for oss. Eit mål er at bygga skal stå seg over tid, framstå attraktive og få større bruksverdi. For å oppnå dette er det viktig at eit rom må vera fleksibelt slik at det skal kunne brukast over lang tid. Alt dette har positiv innverknad på verdien av bustaden for deg og for eit eventuelt seinare salg, og kan derfor vera ei klok investering.

Vi jobbar mest med prosjekt frå skisse til ferdigstilling, men kan like gjerne bistå med korte rådgivingsøkter. Vi er gode rettleiarar i ulike prosessar, og deltek gjerne på byggemøter for å diskutere detaljer med snikkar, røyrleggjar eller elektrikar.